Nordhordland Folkehøgskole, Frekhaug nord for Bergen.
Landsstyret vil saman med den nye KFH-gruppa i Bergen ynskja dykk hjarteleg velkomne til Landsmøtet 2023!
Vi har fått med oss gode talarar som skal belysa temaet på ulike måtar!
Om Frekhaug
Frekhaug er ein tettstad på øya Holsnøy i Alver kommune. Det finns rike kjelder for kristen tru, forkynning og tilbeding på denne øya. I middelalderen blei gardane på øya lagt under Lysekloster. Frekhaug har fleire aktive bedehus, og det finns mange kristne på eit lite område. Det seies at det er mykje bøn og lovsong i området. Haldis Reigstad, Solveig Leithaug og Garness er nokre kjende lokale artistar.
Om Nordhordland Folkehøgskule
Folkehøgsskulen er landets største, og blei starta i 1914. Den har eit solid
kristent fundament, og mange ungdomar har kome til tru under opphaldet på folkehøgsskulen.Skulen blir også brukt mykje til kristne samlingar, så dette er ein stad for bøn og tilbeding.
Det tek fem minutt å rusla ned gjennom alleen til sjøen. Det finns ei lita badebukt i grøntområdet ved sjøen. Ti minutts gange til næraste butikkar og apotek.
Ankomstmuligheiter:
Hurtigbåt frå Bergen
Hurtigbåt nummer 390 frå Strandkaien til Frekhaug.
Går kun vekedagar, aktuelle avgangstider: 14.36, 15.30, 16.30
Hurtigbåten tek 21 minutt.
Frå kaien er det rundt 700 meter til Folkehøgsskulen.
Buss frå Bergen bystasjon
Buss nummer 300/310 frå Bergen bystasjon har mange avgangar.
På Flatøy må ein gjera eit buss skifte for dei siste tre kilometrane til Frekhaug Terminal.
Derifrå er det rundt 10 minutts gange til Folkehøgsskulen.
Sjå www.skyss.no for rutetider.
Last gjerne ned Skyss-appen for enkel betaling av billett.
Gje beskjed dersom du treng transport frå Frekhaug kai eller Frekhaug Terminal.
Med bil:
E39 frå Bergen. E16 frå Arna, som går over i E39 i Åsane.
Ta til venstre på Fv. 564 rett etterNordhordlandsbrua.
Adr: Nordhordland folkehøgskule Holtermandsvegen 3, 5918 Frekhaug
Priser utover dette, hvis du blir kortere tid, eller skal bo hjemme:
Frokost 120,-
Lunsj 200,-
Middagm. dessert 250,-
Festmiddag m. suppe og dessert/Buffe 300,-
Overnattingm/frokost 550,-
Overnattingpå dobbeltrom 450,-
Enkeltromstillegg 200,-
NB! Du må ta med sengtøy og håndklær, men ikke såpe.
Fine muligheter for kortere turer i området rundt skolen.
Tilgang til gratis gymsal.
Hvis det blir nok interesse, får vi tilgang til svømmehall torsdag og fredag.
Pris kr. 50,- pr. dag pr. person.
Påmeldingsfrist: 31. mai 2023. Meld deg på her.
Påmeldingsgebyr, tur og opphold betales inn på kontonummer:1506.65.44270
Ved spørsmål:
Send e-mail: kontakt@kfhelse.no, eller ring/send sms på tlf.nr. 48135573.
Økonomisk støtte!
Det er anledning til å søke om økonomisk støtte til deler av oppholdet innen 20. mai 2023.
Send søknad til e-post: kontakt@kfhelse.no, eller
brev til Anne Marit Dugstad, Framnes 23, 5713 Vossestrand.
Last ned søknadsskjema her.
LITT OM TUREN LØRDAG
Vi skal besøkja Lepramuseet St. Jørgens hospital, som ligg i Bergen Sentrum. Her finn vi eit autentisk hospitalmiljø fylt av sterke historiar - ein av de mest unike opplevingane i Bergen.
Museet har historie som sjukehus heilt attende til 1400-talet. Bygningane og kyrkja,som står der i dag, er frå 1700-talet. Det høyrer også med til historien at bergenslegen Gerhard Armauer Hansen identifiserte leprabasillen i 1873- for 150år sidan !
Sjå nettsida: https://bymuseet.no/museum/lepramuseet/
Det tar ca. 5 minutt å gå frå bussparkering til museet. Vi har fått tillatelse til å køyra inn til museet med privatbil for dei som har problem med å gå langt.
Har du astma eller allergi, kan det henda du vil reagera på innemiljøet i desse gamle bygningane.
OM VÅRE TALARAR
John Karsten Livden
Pensjonert hudlege, som også brenn for Guds Ord og evangeliet. Han var med på å starta Arna Misjonsmenighet i 1984. Vi ser fram til å høyra hans inspirerande og innsiktsfulle undervisning frå Guds Ord.
ElinMarøy
Busett på Frekhaug. Ho har eit stort hjarte for den bibelske helbredelsestenesta.I Guds nærvær og gjennom Guds ord har mange menneske opplevd indre legedom. Ho står i eit rikt arbeid knytta til sjelesorg, retreater, forbønssamtalar ogbearbeidingssamtalar.
Tove Giske
Professor i sykepleie. Jobbar ved VID, Fakultet for helsefag, campus Bergen.
Har vore opptatt av åndeleg omsorg i sykepleien sidan ho var student.
Leier forskingsprosjekt i VID SEP-prosjektet – Spiritual Care, Education and PracticeDevelopment, se www.spiritualcare.no
Sidan 1984 har ho vore involvert NCFI, Nurses Christian Fellowship International, og vore visepresident 2008 – 2016 og president 2016 – 2021.
Har vore redaktør og med i redaksjonen for KFSS sitt tidsskrift for fag og tro i meir enn 20 år. Har skreve mange internasjonale artikler om tema åndeleg omsorg, tru, håp og livssyn.
Har gitt ut to bøker om emnet:
Tove Giske & Pamela H. Cone(2019) Å ta vare på heile mennesket. Håndbok i åndeleg omsorg. Samlaget
Pamela H. Cone & Tove Giske (2022) Nurse’s Handbook of SpiritualCare. Wiley Blacwell